Ora er eit einmannsforetak som er eigd og drive av Oddbjørn Ramstad. Eg har verkstad og utsal på Skogen i Kaupanger, og eg har drive med dreiing i om lag 15 år. Eg dreiar mykje forskjellig, alt frå skåler og stettfat til nøkkelringar og snurrebassar. Eg dreier av alle tretypar. Mykje brukt er einer, med den særeigne lukta, bjørk og surna bjørk, og alm som er av det mørkare slaget. Også spesielle frukttre som til dømes gravenstein. Alle produkta er behandla med olje og treng ikkje behandlast på nytt etter vask og liknande. Om ein ønskjer kan eg svi inn til dømes helsingar på produkta.

Vidare nedover på denne sida kan du sjå litt av produkta eg lagar.

Eg lagar forskjellige bestikk. På bestikka
er det dreia laus ein tre-ring i skaftet.
Skafta er laga av einer.
Smørekniv, ostekniv, ostehøvlar, paisett,
kakespade og salatbestikk er noko av utvalet.



Her ser du små epler og pærer laga av eine
med lokk på. Armbånd i tre, kulepennar,
nøkkelring og flaskeopnar er også i utvalet.



Stettfat får du i ulike storleikar og tresortar.
Marmorplate for panner og rømmebeger for
rømmeboksar er også avbilda her.



Her er eit lite utvalg av ulike typar skåler.
Eg lagar i mange forskjellige fasongar og
treslag som til dømes eple, ask, alm, bjørk,
surbjørk, selje.



Desse særeigne skålene er dreia på tvers av
trestammen. Dermed kan ein behalde ein fin
borkekant på toppen av skålene. Tresortar som
vert mest nytta er eple, bjørk og surna bjørk.
Her er det også mange storleikar å velge i.



Store fat og skåler med ulik utforming har eg
mykje av. Her kjem det fram fine mønster og
fargar frå dei ulike tresortane. Mest brukt er
bjørk, surna bjørk, ask og alm.



Det siste bildet eg har med, syner nokon av
dei største fata og skålene eg lagar. Dette
er laga av surna bjørk. Det gir dei eit
veldig spesielt og flott mønster. Fata lagar
eg opptil 40-50 cm i diameter.



Til toppen av sida